Leserbrev fra konsernsjefen i Tafjord Kraft

Erik Espeset (Foto: Peder Otto Dybvik / Chul Christian Aamodt)
Erik Espeset (Foto: Peder Otto Dybvik / Chul Christian Aamodt)

Vindkraft på land er det einaste som nyttar dersom Noreg skal vere noko anna enn ein «liksom-klimanasjon».

— Vindkraft blir subsidiert for at private skal tene pengar. Ja det stemmer og det vart vedteke av Stortinget når dei innførte el-sertifikata i 2011.

Publisert   Sist oppdatert

Til dagleg jobbar eg som leiar av Tafjord Kraft AS i Ålesund. Vi er ein middels stor vasskraftprodusent og jobbar tett saman med SFE. Vi var tidlegare medeigararar i Vestavind Kraft AS og vore med på å utvikle vindkraftanlegget på Hennøy og på Bremangerlandet. Vi er også dessutan medeigar i utviklingsselskapet Vestavind Offhore, så vi kjenner litt til potensialet innanfor ulike typar vind- og vasskraft.

I Europa i dag har vi to store hovudkjelder til konkurransedyktig fornybar energi. Dette er solkraft i sør og landbasert vindkraft i nord. Noreg er spesielt veleigna til vindkraft med den langstrakte kysten vår og dei grisgrendte fjell- og skogsområda våre.

Vindkraftmotstandarane som det plutseleg er blitt fleire av det siste året hevdar at vi ikkje treng vindkraft eller at det fins betre alternativ. Det fins også dei som meiner at vindkraft er forkasteleg fordi det blir subsidiert og private tenar pengar på det.

Oppgradering av vasskrafta er betre enn vindkraft - er ein populær påstand.

Erik Espeset, Konsernsjef, Tafjord

Oppgradering av vasskrafta er betre enn vindkraft - er ein populær påstand. Sanninga er at oppgradering av vasskraft vil vere eit for lite og for langsomt bidrag i klimakampen. Vi produserer ca 130 TWh vasskraft i dette landet. Oppgradering av denne kan gje 3-6 nye TWh over 5-20 år dersom Finansdepartementet legg om skatteregimet. Men dette krev investeringar på mange milliardar kroner. Dei må gjerast av offentleg eigde kraftselskap som oss og SFE. Våre eigarar vil gjerne også ha desse kronene som utbyte for å spe på kommunale budsjett. Industrikonsesjonslova hindrar at private kan eige større vasskraftanlegg og dermed finansiere oppgradering av vasskraft. Det meste av det gjenverande vasskraftpotensialet fins i verna vassdrag. Er det nokon politikarar som vil utfordre dette verneregimet? Og fins det nokon politikar med ambisjon om attval som vil sleppe privat kapital til i stor norsk vasskraft?

Vi har nok fornybar kraft – seier dei som ser på kraftsituasjonen i dag.

Erik Espeset, Konsernsjef, Tafjord

Vi har nok fornybar kraft – seier dei som ser på kraftsituasjonen i dag. Men i løpet av dei nærmaste 10 åra skal vi elektrifisere samfunnet vårt og fjerne mykje fossil energibruk. Mykje forenskap på hjul og kjøl skal over på el- eller hydrogendrift. For å få til dette trengs det mykje meir tilgang på rein fornybar energi. Dette vil føre til aukande etterspørsel og dersom vi ikkje skal bygge ut vindkraft så vil prisen på kraft gå opp. Det kan føre til at den kraftkrevjande industrien flyttar ut.

Vindkraft til havs er løysinga seier andre. Dersom vi skal ha storstilt utbygging av vindkraft til havs så må dette vere i form av flytande installasjonar. Dette vil koste 4-5 gonger meir per kWh enn vindkraft på land. På 10-20 års sikt så vil sikkert havbasert vindkraft bli billegare enn i dag. Det kan også hende at at det i eit 25-50 års perspektiv vil bli utvikla fusjonsenergi (ein kontrollert kjernefysisk hydrogenbombe prosess). Men klimaet har ikkje tid til å vente på slik utvikling. Det treng fornybar energi no.

Vindkraft er lågverdig energi – blir også sagt. Dette er ein seigliva myte. Sanninga er at vindkrafta er den mest verdifulle kraftkjelda vår etter magasinvasskraft. Den sterkaste vinden er om vinteren når vi treng krafta. Uregulert småkraft og solkraft har vi rikeleg av om sommaren når vi treng mindre energi.

Vindkraft blir subsidiert for at private skal tene pengar. Ja det stemmer og det vart vedteke av Stortinget når dei innførte el-sertifikata i 2011.

Erik Espeset, Konsernsjef, Tafjord

Vindkraft blir subsidiert for at private skal tene pengar. Ja det stemmer og det vart vedteke av Stortinget når dei innførte el-sertifikata i 2011. Dette kom mens SV, SP og AP sat i regjering. Det var stor tverrpolitisk semje den gongen om denne subsidieordninga for å få fart på bygging av fornybar energi. Det vart ikkje diskriminert mellom privat, offentleg eller utanlandsk kapital. Dette for at vi skulle stimulere alle som ønskte å investere i fornybart. Den gong vart det rekna med at dette ville koste norske straumkundar 40 milliardar. No er denne rekninga kome ned i ca 10 miliardar. Ordninga har dermed vore ein braksuksess og blitt langt billegare for forbrukarane. Nye vindkraftverk er no lønnsomme utan subsidiar.

"No er det dei andre sin tur. Noreg har gjort jobben med fornybart" - blir også sagt. Det er rett at vi er blant dei beste i verda på bruk av fornybar energi her heime. Dette er fordi vi har fått vasskrafta som ei gudegåve. Men vi må også hugse på at vi kvart år eksporterar over 1000 TWh olje og gass. Dette er ca 10 gonger den norske fornybare energiproduksjonen. Det aller meste av dette hamnar i ein forbrenningsprosess utanlands og fører til store CO2-utslepp der. Denne eksporten har gitt oss ein fantastisk rikdom som har kome store delar av landet til gode. Det fins dei som hevdar at CO2-utsleppa frå denne fossile eksporten ikkje er vårt problem og at vi i alle fall ikkje skal eksportere fornybar energi. Slike debattantar har eg vanskeleg for å ta seriøst.

Vertskommunane får for lite igjen. Dei som hevdar dette har heilt rett, og tidlegare har ikkje vindkraft vore lønnsomt.

Erik Espeset, Konsernsjef, Tafjord

Vertskommunane får for lite igjen. Dei som hevdar dette har heilt rett, og tidlegare har ikkje vindkraft vore lønnsomt. Dermed har det ikkje blitt noko igjen til skatteinntekter. No når vindkrafta er blitt lønnsom er det meir potensial for skatteintekter. Eg håpar at Finansdepartementet tek signala frå alle potensielle vertskommunar om at dei må få meir igjen for at dei skal stille areal til rådvelde for vindkraft. Hvis ikkje fryktar eg at det blir full stopp.

Klimaet treng handling no. 30-50 TWh fornybart kraft er det som vi må bygge ut fram til 2040 dersom vi skal levere på dei nasjonale klimaambisjonane. Då kjem vi ikkje langt med 5 TWh ny vasskraft og så skal vi vente 10 år på teknologiutvikling innan havvind.

Leserbrevet ble først publisert i Firdaposten, og er gjengitt med tillatelse fra forfatteren.