Kommentar av Leif Lia, NTNU/HydroCen som svar til kommentar fra Olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg

Leif Lia (Foto: NTNU)
Leif Lia (Foto: NTNU)

Vi er sjølvsagt kjent med at NVE legg eit anna tal til grunn som potensiale for opprusting og utviding av norske kraftverk

NTNU-forskeren svarer på kommentar fra Olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg.

Publisert   Sist oppdatert

Det er flott at det no er engasjement rundt opprusting og utviding (OU) av eksisterande vasskraftverk, det var svært liten respons då vi publiserte forskingsmaterialet i 2017.

I FME-senteret (forskingssenter for miljøvennleg energi) HydroCen har vi som fokus å auke verdien av norsk vasskraftnæring, gjennom miljøtilpassa tiltak. Vi er sjølvsagt kjent med at NVE legg eit anna tal til grunn som potensiale for opprusting og utviding av norske kraftverk. Det var også det som motiverte oss til å utføre den studien vi gjorde.

Vi såg at norske kraftselskap gong på gong klarte å realisere ein større prosentvis auka energiproduksjon i sine OU-prosjekt enn dei 2-4% som ofte er mogeleg med berre opprusting.

Sjølvsagt står utvidinga for den største delen av produksjonsauken. Ingen slike utvidingar kan gjerast utan miljøkonsekvensar, men konsekvensar i form av m.a. vegbygging, linjebygging, vassdragsregulering, bygging i urørt natur er mindre i OU-prosjekt enn i rein nybygging. Tala for potensialet vert ulike sidan det leggast ulike politiske-, miljømessige- og økonomiske forutsetningar til grunn.

Til slutt vil vi nemne det som står i siste avsnitt i forskingsartikkelen vår, at det er politikk og miljøforhold som avgjer kor stor del av dei 20 – 30 TWh som vil bli realisert. Slik skal det vere. Vi kan likevel ikkje la vere å legge fram kva som er potensialet.