Foto: BKK
Foto: BKK

Sunnfjord Energi og BKK fusjonerer

BKKs konsernsjef: — Vi er glade for at fusjonen mellom Sunnfjord Energi og BKK no er ein realitet.

Generalforsamlinga i Sunnfjord Energi Holding gjorde i dag vedtak om full fusjon med BKK.

Sunnfjord vert med dette BKK sitt regionsenter i den nordlege delen av Vestland fylket, og fusjonen er venta å gi ein auke på 40 arbeidsplassar i Sunnfjord og ytre Sogn. For BKK betyr fusjonen eit neste steg i selskapet si industrielle utvikling, skriver selskapet i en pressemelding.

-Vi er glade for at fusjonen mellom Sunnfjord Energi og BKK no er ein realitet. Dette har vore ei krevjande sak for alle involverte, men med vedtaket i dag er vi eit steg vidare på vegen mot eit sterkt vestlandsk fornybarselskap, seier Jannicke Hilland, konsernsjef i BKK.

Fusjon er best for regionen

For kundane til Sunnfjord Energi vil fusjonen redusera samla nettleige med 30 prosent årleg, som betyr ca. 4500 kroner for ein familie med normalt forbruk. Det har vore viktig å gi kundane betre vilkår, men for styret i Sunnfjord Energi har ikkje lågare nettleige vore avgjerande i spørsmålet om fusjon.

Energibransjen er inne i ei stor omstilling, og det vil krevja sterke finansielle musklar for bli med i den teknologiske utviklinga og ta investeringane det er behov for.

- Det var svært viktig for oss å forhandla fram ei avtale som uavhengig av lågare nettleige er så god at den vil vera til beste for eigarane, kundane, dei tilsette og regionen. Eg er glad for at eigarkommunane i Sunnfjord og Ytre Sogn har gitt si tilslutning til denne, seier styreleiar Arvid Andenæs.

Varig positiv utvikling

Fusjonen inneber mellom anna etablering av minst 25 nye arbeidsplassar i Sunnfjord og Ytre Sogn, og på sikt kan det bli nærmare 40 nye jobbar. Det er definert fleire konkrete område der ansvaret vil bli lagt til det som i dag er Sunnfjord Energi, mellom anna innan digitalisering, vindkraft, entreprenørsatsing og elektrifisering. I tillegg skal regionskontoret inneha ansvar for rekneskapsmessige transaksjonar for heile BKK konsernet.

- Vi vil få ein desentralisert organisasjonsmodell der regional leiing for nett i vårt område blir lokalisert i Førde. Såleis vil fusjonen setje fart i vidare satsing og utvikling i Sunnfjord og Ytre Sogn. Vi blir del av eit større fagmiljø og får fleire forretningsområde som opnar nye moglegheiter, til dømes innan elektrifisering og digitalisering, seier Fredrik Behrens, adm. direktør i Sunnfjord Energi.

Vidare prosess

Det skal no etablerast eit integrasjonsprosjekt som skal følgje opp alle aktivitetar knytt til fusjonen.

-No går vi inn i det vidare arbeidet med stor entusiasme. Den tette og gode dialogen mellom oss, dei tilsette og administrasjonen i Sunnfjord Energi skal fylgjast opp. Saman skal vi gjera vårt beste for å skape ei varig positiv utvikling for både tilsette, kundar og eigarar i Sunnfjord og Ytre Sogn, seier Hilland.

Sunnfjord Energi har i dag 120 medarbeidarar som blir omfatta av fusjonen. Internettleverandøren Enivest vil fortsette som sjølvstendig selskap, med BKK og SFE som største eigarar.

Samla kraftproduksjon i Sunnfjord Energi var i 2018 på 528 GWh og selskapet har 15 800 nettkundar.