Foto: Chul Christian Aamodt
Foto: Chul Christian Aamodt

Så kor går vegen i framtida, er det sol og vind som rår?

Oppsummering av enerWE Communication Conference

Denne uken var mer enn 100 deltakere samlet på enerWE Communication Conference. Arne Torget er stuntpoet, og han har oppsummert dagen i et dikt.

—-

enerWE, denne friskusen av ein portal Energibransjens utrettelige informasjonskanal. enerWE er i ferd med å bli eit ikon Bransjens store kanal på digital informasjon.

Energibransjen har blitt enormt stor Energi er alle virksomheters mor. Alle kan ha ein forretningside og draum. Og dei aller fleste forutset elekrisk straum.

Kraftbransjen er i ei brytningstid
Og må stilla seg om med kunnskap og flid. Ikkje alle stader kan by på vasskraftstasjonar

Og det minkar på jordas hydrokarbonar.

Så kor går vegen i framtida, er det sol og vind som rår
Vil atomkrafta møta ein ny vår?
Kva med den voksande skepsisen til bruk av energi
Vil den bli stilna med ny og moderne teknologi?

Det er spørsmal av mange intrikate slag Kanskje får vi svar på noko av det i dag. Men det hastar i alle fall å ta fatt. Og vi treng ein kunnskapsbasert og edrueleg debatt.

Chul og Anders opna med å presentere enerWE. Som ein faktrabasert og levande spegling av norsk Energi. enerWE sjekkar energibransjen med årvåkent blikk. Og med god bruk av robotjournalistikk.

Ulrikke Haugen er kommunikasjonsdirektør DNV GL og vertskap i dag DNV er internasjonale, kanskje det største norske i sitt slag. Veritas er store på sikkerhet og sertifisering. Med over hundre års erfaring med klassifisering.

I starten var det klassing av skip som var det normale Men gode gamle Veritas er sjølvasgt blitt digitale. Thrust is the big word som alltid er tilstede Når DNV skal klassifisere heile Røde Kors sin verdikjede.

DNV leverer tjenester til fornybarbransjen og olje og gass Og sørger for at sikkerhet og sertifiseringar er på plass. Veritas har ein innarbeid solid kultur. For kartlegging av eksisterande og ny energiinfrastruktur.

Outlook er eit estimat for framtidas miks av energi Med kor stor andel av miksen den fossile vil bli. Dei neste tiåra vil elbilproduksjon gå så det grine. Kinesarane har begynt for fullt med bussane sine.

Karbonutsleppa vil likevel ikkje gå ned nok Så her har vi ein jobb å gjera i samla flokk. Energiskifte har eit stort alvor i botten. Og det er 33 millardar dollar som ligg i potten.

Innhold og kommunikasjon er kolossalt viktig nå Slik at verden rundt oss kan henge med og forstå. Og det er gjennomslag for norsk framtidsretta energi Når DNV GL får 6 minutt direkte på BBC.

Verdi for kundar er sjølvsagt alfa og omega I bransjen som DNV er med og prega. Det gjeld å produsere materiale av rette sorten. Og til nå har 112.000 lasta ned rapporten.

Finn eit tema og ta del i offentlig debatt Ikkje sov i timen når agendaen blir satt. Kvar enkelt av oss er ei viktig brikke. Og ikkje gløym offentleg sektor sa Ulrikke.

Bruk av sosiale medier er bevisst strategi For å nå folk som er ute i det fri. Små videosnuttar fangar deg sånn. Og ei solid webside ligg sjølvsagt i bånn.

Kristin Færøvik er sjefen i søjlvaste Lundin Som er norsk sokkel sin nye vin. Olje og gassindustrien produserer ikkje berre energi. Det er AS Noreg sin aller største verdi.

Det er lov og vera stolt av denne næringa vår Som drog gamle Noreg ut av enkle kår. Oljebransjen gjer tusenvis av mennesker til salt i maten. Og er det som har vore sjølve finasieringa til velferddstaten.

Dei største oljeproduserande land Har ikkje nødvendigvis demokratiske spelereglar på hand. Oljebransjen er forutsetningen for at Noreg går godt. Det har ikkje nødvendigvis Bjørnar Moxnes forstått.

Ho tar gjerne debatten, på ærlege premissar Der andre gjerne står i motvind og pissar. Detbatten har gått av å vera faktabasert og vid Ikkje slik som det er no der vridningen er blitt meir og meir tabloid.

Verda er full av petroleumsprodukt Så ein einsidig negativ debatt vil ikkje gje frukt. Noreg går føre med kunnskapsbasert industri. Som satsar store midlar på ny og miljøvenleg teknologi.

Skal vi gå inn i framtida med ny von Er det på sin plass med god og sakleg diskusjon. Oljebransjen er ikkje noko du berre kan stanse. Det går an å benytta dens ufatteleg store erfaring og kompetanse.

Sjølvsagt må det til utsleppsreduksjon Og det kjem sjølvsagt til å bli ein stor produksjonsreduksjon. Men Norge har innflytelse som teknologiutviklar av ypperste klasse. Vi er ein liten produsent, men vi er med og drar lasset.

Stolt oljearbeidar må det vera lov å sei Dei har skapt verdiar og bana vei. Dei har skapt velstand i nasjonen vår. Med livet som innsats i over 50 år.

Vi har rimeleg energi og høgt velferdsnivå Som kan vera vanskeleg for resten av verda og forstå. Kristin var hjertelig tilstede. Og presenterte kunnskap og formidlingsglede.

Anders Bjartnes spør om ho ikkje underkommuniserer omstillingskrav Og kjensgjerningen at oljeprisen vil bli lav. Kristin svarte så glad og bli. At det er verdt å kjempe for norsk petroleumsindustri.

Pappa til ei av klimajentene reagerer på graderingen av rødt Det er mange som her vil føle seg støtt. Kristin meiner debattformen er brå ho reagerer på frykten dei spelar på.

Det er heilt klart at eit slikt tema er engasjerer Sjølv om det er hovudproduktet nasjonen produserer. Umgdommen er opptatt av framtida si. Og høgare fokus på fornybar energi.

Oljebransjen ynskjer å vera ein samspelar når bransjens skal redusera Det er ikkje gjordt over natta å elektrifisera. Partane kan virka som so løpske møtande tog. Det er klart at det er eit stort signal at det trengst dialog.

Kristin mått argumentere på spreng Det er slike nyanserte debattar vi treng. Det er betre i ein sal enn på nette der satan ligg på lur. Og spreier eder og galle frå skitne tastatur.

Rannveig Sofie Stangeland er Equinor sin Kommunikasjonsdirektør i Utvikling og produksjon Og skal ta for seg norsk sokkel sin Transformasjon og kommunikasjon. Norsk sokkel har i 50 år hatt sin utvinningsbevilling. Og er nokkelen til nødvendig og teknologibasert omstilling.

Rannveig tok fram Maren som eksempel på transformasjon Der oljebransjen er inne i ein digital revolusjon. Dei sit saman på land og jobbar med effektivisering. Og ikkje minst på utsleppsredusering.

I Equinnor sin strategi der er kravet At verdiskapinga skal vera stor og utsleppa lave. Ungdommen er best på ny teknologi. Og bidrar til å gjera norsk olje til meir utsleppseffektiv industri.

I Tyskland er atom og kullreduksjonar på plass Dei vil satsa på meir utleppsvenleg norsk gass. Nokon vil hevda at det går for seint i veg. Men det er eit stykke på vegen, og eit viktig steg.

Equinor vil gjerne bli betre på kommunikasjon Auka utvnningsgrad gjer lønnsom framtidsvon. Oljeproduksjon er ikkje berre arbeidsplassar på sjø. Det gjer og milliardar i kassen i norske lokalmiljø.

Equinor har teke opp fornybarkampen Og har etablert havvindprosjektet Hywind Tampen. Desse investeringane kan lett bli globale. For flytande havvind har eit enormt potensiale.

CO2 lager kan og bli ein realitet Det kan bli pumpa inn i sandsteinslag djupt inne i vår kjære planet. Johan Sverdrup kjem snart i produksjon. Der fulldigitalisering er ein del av utvikling og innovasjon.

Vegen fram til oljeslutt er lang Det beste undervegs er dialog, åpenhet og engasjemang. Oljebransjen er ikkje berre utslepp i det fri Det er 60 år med kunnskap, utvikling og teknologi.

Problema dei er sjølvsagt innlysande å sjå Men no er det mulighetane me må ta vare på. Mulighetane er større enn gamle problem Eg har tru på framtida, ungdommen kjem.

Er Hywind Tampen eit prosjekt som tar fokuset vekk frå vind på land Det er framleis ikkje ei mølla i operativ stand. Det er klart at Equinor her kan underkommunisera Rannveig var enig i at dei har ein jobb å gjera.

Debatten er heilt klart meir polarisert Det er vanskelegare å nå fram med kunnskap som er faktabasert. Chul kom med tankeveggande informasjon Unge studentar vil ikkje jobbe i oljebransjen med kommunikasjon.

Alltid positiv og salgsorientert er Chul Som ynskjer seg ny medarbeidar til jul. Det er berre å ta kontakt med godgutten vår Og tegne seg for minst 1 stillingsannonse per år.

Ungdommen er ei viktig stemma Som vi vaksne ikkje meå knebla og hemma. Hannah og Line var blant dei som skulka for framtid klima Det var flaut å sjå facebook, voksne som hetsa ved å klippa, kopiera og lima.

Førsteklassingar frå Hosletoppen med apetitt på livet Unge fremadstormande, kritiske og positive. Dei vil kutte ut fossil energi Og finne ei inntektskilde som kan gjera oss fri.

Sverieg har tømmer ikkje ein oljeskvett Danmark har litt og klarar seg lett. Fornybar energi må vi satse på nå Kva er det vi rtege gamlingar ventar på?

Kom dåke ut, med å utvikle sol Verdas sterke og livgjevande symbol. Meir vannkraft og vindkraft i skjønn foreining Og import av vannkraft gjer ingen meining.

La vindmøllene komme, dei kan produsere for millionar Så får vi heller tåle nokre fuglekollisjonar. Vi må tåle inngrep som er forholdsvis lite Før klimaendringar ødelegg heile drite’.

I nyhetsmedia er det digitale flater som er den ungdommelege kosten Ingen under førti les i papirutgåva av aftenposten. Skal energibransjen nå ungdommen med brask og bram -ja då folkens, då må facebook og snappen fram!

Aftenposten junior er i følge umhdommen heilt genialt Ja det kjære kommunikatorar var vel enkelt fortalt. Gå ut til ungdommen der ungdommen er Ungdommen forstår, dei høyrer og ser.

Ungdommen vil bytta fossil med fornybar energi Ja enklare en det kan vel ikkje budskapet bli. Kristin frå Lundin minna om alle produkt som er petroleumsbaserte Kan erstattast av bananer og appelsinskap sa jentene som var godt oppdaterte.

Eg får trua på ungdommen når eg høyrer slike tankar Dei er små vandrande ressursbankar. For oss eldre gjer slike innspel verkeleg nytta Det er berre å ta seg tid til dei og lytta.

Ungdommen vil ha mediene til å komma til dei Så dei blir tatt på alvor og får fram det dei vil sei. La meiningane til ungdommen bli fremma At dei ikkje har stemmerett betyr ikkje at dei ikkje har ei stemma.

Ser ungdommen på seg sjølv med eit kritisk blikk Er dei opptatt av kildekritikk? Det er tilbakemeldingar til ungdommen av beste slag Eg trur vi alle blei litt meir bevisste i dag.

Torund Bryhn, Researcher & Writer, Beyond Acronyms Project er fast gjest Kva betyr eingentleg CCS for folk flest? Ho har jobba med eit fag som kan gje regjeringar angst Om det skumle tema karbonlagring og fangst.

Månelandinga som satte karbonfangst i skammekroken Kva skal til for å få folk til å halde koken? Heile greie er eigentleg enkle sake Du tar ut olja, gfangar CO2-en og puttar han tilbake.

Karbonfangst er pengar som renn ut som grus Som politikarane set opp mot sjukehus. Her er det mljøhensyn satt opp mot knekte bein Men for ungdommen er karbonfangst nummer ein.

No nyttar det ikkje lengre med praten No må bransjen stå saman i lag med staten. CO2 kan ikkje lengre segla sin egen sjø Sjølv om han er sett på som nerden i miljø.

Torund er ein av dei som er best Og no må CCS ut til folk flest. Dei som ikkje forstår CCS treng tolk Karbonfangst må ut i bevisstheten til det norske folk.

Skal ein nå ut til folket og selja som smør Treng ein folk som Gretha Thunberg som ambassadør. Kanskje kan ein få bransjen på gli Når ein forstår at det har finansiell verdi.

Kommunikatorane må komma høgare på banen Og gå fremst i toget med karbonfangstfanen. CCS er ikkje akkurat sexy med ein smell Ein treng nye uttrykk som funkar som fjell.

I det 20. århundre fjerna vi røyken frå industri No er begrensing av global oppvarming på gli. Vi må vinna verden med ein sexy informasjonsflom Utanom dei som nappar i løken til einarflydal.com.

Det nyttar ikkje lenger å vera forsiktig Til det er CCS alt for viktig. Bevisstgjering av folket må setjast ut i liv Så CCS blir sett på som sexy og innovativ.

Torund har verkeleg kome på gli Noreg er faktisk blitt betre på CCS enn på ski. Dette er berre fantastisk flott Og det burde sjølvsagt Erna forstått.

Torund bryr seg mindre om journalistar Enn unge fremadstormande klima-aktivistar. Journalistane ser ho ikkje på som eit verktøy på ferden Dei er meir opptatt av journalistikk enn å redda verden.

I salen kom endeleg fresen Med flammande innlegg om fotosyntesen. Om aviser som ikkje tar inn innlegg om usexy tema Det er det som er dei kvardagslege verkelege problema.

Det var klart for panelet, enerWE sitt svar på dagsnytt atten Er det slik at energibransjen tapar energidebatten? Tommy Hansen peikte på handleturen si ramme At han alltid tar den melkekartongen som står heilt framme.

Christina Søgård trur debatten treng motivasjon Og peikte på dei unge jentene si framtidsvon. Dei meiner klimatrusselen er den største vi har Kommunikasjonen må bli meir tydelig og klar.

Tord Lien spelar på eit stort register Men såg ikkje for seg å bli huska som vindkraftminister. Trøndelag har mykje med vindkraft å gjera Og som avgått minister nyt han å kunne provosera.

Han hadde mykje på hjarta og fekk tunga på gli Han kunne ha snakka åleine til i kveld klokka ni. Hans konklusjon er ialefall på plass Vi treng både fornybar energi og olje og gass.

Dag Terje Klarp Solvang var bekymra for den polariserte situasjonen Og peikte på den fordømmande og harde tonen. Bransjen har og eit snev av naivitet Det er mulig å ha to tankar samtidig på vår avanserte planet.

Gard Michalsen meiner det vert spelt meir på følelsar enn fakta og tall Som fører til debatten sitt negative fall. Det er tastaturterroristane som sit med makta Når udokumenterte påstandar vert spelt ut mot fakta.

Å komma med fakta kan vera eit slit Spesielt når elbilar blir stempla som noko drit. Energibransjen sin utfordring er klar Dei prøver å fikse problem folk ikkje har.

Vindkraftutbygginga er ganske smal Det dreier seg om ein kvart prosent av noregs landareal. Folk må ikkje la seg hisse opp og bli provosert Vi må tåle å sjå energi bli produsert.

Christina meinte at Tord hadde eit godt blikk Til det fasinerande begrepet singellagsetikk. Energibransjen må sjølv jobbe for å komme i rute Med å dekke informasjonshungeren som er der ute.

Tommy satte halen på katten Han ønska seg fleire voksne i denne debatten. I fjellet ligge turfolket og demonstrere og lure Kjem det møller i havet blir fiskarane sure.

Utfordringane som ikkje er der, dei kjem I moderne debatt blir småting til store problem. Dag

DNT har stått for det samme i 151 år Og undrast kvifor olje og gass er så underleg sår. Kvifor skal ein organisasjon som står for turglede og humør Plutselig bli stempla som ein politisk aktør?

Kvifor bygga ut i dei beste områdene for rekreasjon Som Stølsheimen, eit vestlands ikon. Det var ein debatt med engasjement og temperatur Og ein poet som ikkje vil ha møller der han bur.

Kjell-Børge Freiberg kom som profet I dagens vesle energimenighet. Ser han kanskje i framtidsvon Om norge som ein samla energinasjon?

Foto: Chul Christian Aamodt
Foto: Chul Christian Aamodt

Energi gjer norge til den nasjonen vi er i dag Med energiproduksjon av fleire slag. Om olje og vasskaraft kunne det vore skrive fleire bind Snart kan det og blir skrive fleire om vind!

Vindkraftmotstanden har ikkje gjordt han stuck Han synte til Agder og området «FUCK». Kjell-Børge var heilt klart på gli Han var frelst av fornybar energi.

Og han vil gje oss vindkraft nu Det vil gje verdiar, ressursar og framtidstru. Heile norge vil bli pepra med drite’ Under mottoet «intet fjell er for lite».

Det handlar ikkje om protest og person Det handlar om noreg som energinasjon. Det handlar om verdiar som blir skapte Vi kjempa mot vindmøller og tapte.

Han snakkar om sosiale mediesituasjonar Der det blir framsett spekulasjonar og konspirasjonar. Hovudmål nummer ein er like enkel som svær Å levere tilstrekkeleg kraft i alle slags vær.

I år med førke og år med flom I åra då regnet ikkje kom. Difor er han vasskraftsbransjens profet Det handlar om forsyningssikkerhet.

Han er minister for petroleumsindustri Med 170.000 tilsette sjeler i. Som framleis skal vera her i mange år Som den viktigaste og største inntekta vår.

Vi må framsnakka den industrien og dei næringane vi har Og bruken av fakta må vera tydeleg og klar. det er framleis overvekt av olje, gass og kol som må senkast for å nå FN’s bærekraftmål.

Han forsikra menigheten i salen Om at dei forholde seg til målet i Paris-avtalen. Framleis har økonomien vår så tette infiltrerte bånd At olje og miljø må gå hånd i hånd.

Korleis kan vi forbedre oss for tida som kjem Er det ubehagelig å møte problem? Vi må gje god kunnskap og god kommunikasjon Og gje gode verdiar i arv til neste generasjon.

Kostnadsbildet på vindmøller har blitt kraftig redusert Og det er enklare å få dei produsert og montert. Det virkar som Kjell-Børge har mange gode idea Snart får me vel kjøpt vindmøller på IKEA.

Julie Wedege i Statkraft kom med godt humør Og presenterte seg som fornybarprofitør. Ho ville komma med reine fakta om rein energi I ein bransje ho verkeleg trivest i.

Om klimautfordringa og korleis framtida vil bli Svaret på problemet er fornybar energi. Fornybar energi står på solid grunn Det er vasskaraft som har skapt sterke norske lokalsamfunn.

Vasskraft er kome for å bli Og er meir effektiv med fornybar teknologi. Men ingeinørane som temmer magasin og foss Må bli flinkare å sei: «Kom til oss!»

Vi treng krafta til elektrifisering i åra som kjem Vi må laga gode historiar av hindringar og problem. At alle kan få alt er berre ein draum Og ingen vil vel gå i tog for dyrare straum.

Det ser ut som naturen vår får den største børa Kva med å eksportera introverte ingeniøra? Julie Wedege er både tøff og kul Og bryr seg mindre om kommentarfelta enn Chul.

Ut av sekken skulle den største katten Kva skjedde egentlig i Acer-debatten? Debatten som får sosiale medier til å koka Der trolla ter seg heilt etter boka.

Anne Therese Gullberg blei spurt om kva som hende Ho sa det byrja meir enn 10 år attende. Men norske medier kom ikkje med i debatten Før i byrjinga av 2018.

Tidlig påvirkning i EU er det som trengs Skal du vera med på leiken må du vera med til sengs. Acer debatten var ikkje så veldig yr Men då den kopla på utanlandskablar då tok det fyr.

Anders Bjartnes meinte det vart skapt ein oppfatning frå rødt og foreningane si hand Som mistenkeleggjorde våre naboland. Einar Wilhelmsen frå ZERO meinar det vart skapt opposisjon Ved å skapa alternativ sanning om ein mystisk organisasjon.

Tord Lien meiner det er fleire generasjonar med europeisk splid Nørt opp av generasjonar med politisk strid. Radikale krefter har laga Acer til ein uspiseleg saus Og rokkar du med arvesølvet er helvete laus!

Det er nokon som har teke for mykje Møllers tran For å sverta eit godt fungerande samarbeidsorgan. Det kom minst 4 konfliktlinjer i samme diskusjon Og toget gjekk rett forbi Sesam stasjon.

Og sjølvsagt må nokon få svi Han kuken kjørte jo toget forbi. Problemet er at toget gjekk i fjor Og ingen er sikker på kva som er om bord.

ACER er eit tema som ingen er glad i Og som nesten ingen politikar vil ta i. Og dei som står att på Sesam stasjon Vil alle hevda sin rett på sin korrekte versjon.

Tord Lien sa det rett ut og reint At motstandarane kom på banen for seint. Anne Therese sa at det må komme ut tidlig informasjon For faktabasert lokal diskusjon.

Tord Lien lar seg ikkje stanse Det handlar om Europeisk kraftbalanse. Men i botn av sekken låg den misfornøgde katten Og vokste seg sterk på misnøyedebatten.

Mangel på informasjon må her ha takken For at kraftbransjen har fått ei ripe i lakken. Kraftbransjen må ta eit kraftig initiativ Til å slå tilbake etablerte narrativ.

Ulf Rosenberg fekk seismikkskip inn med farsmelka si Oppvaksen med pionertida i norsk oljeindustri. 286 milliardar kroner er bidraget til årets statsbudsjett Den norske staten har hatt det fett.

Det minkar på olja smått om senn Men framleis er over halparten av kjente funn igjen. Kva skjer på norsk sokkel, kven forsvinn Og kva skjer når nye kjem inn?

Statens finasielle maskin Er eksterne selskap som går så det kvin. Equinor vil framleis vera største aktør Men det er mang ein liten men ikkje ubetydeleg aktør.

Dei store selskapa har vore i noreg sidan Ibsen var ein opegåande mann Og drakk Absinth med Christianiabohemen på Grand. Det er selskap som har bidrege til velferden vår Samanhengande i over hundre år.

Dei store aktørane jaktar storvilt i søkk og kav Dei bryr seg ikkje om restar i norske hav. Dei store trekk seg ut av såkkelen vår Det er profitten, ikkje risikoen som rår.

Inn kjem aktørar frå nye land nye bransjar får kontraktar på hand. Nokon har det som ein investering på si Eller for å sikra råstoff til eigen industri.

Jau tilveksten av underskog er god Det er til og med comeback av gode gamle norske DNO. Det er mange som satsar på eventyr no Mellom anna OKEA med sjølvaste Ola Borten Moe.

Røkke og Aker er sjølvsagt med Ingen små selskap kan rekna med å få vera i fred. Lundin må seiast å ha gjordt det rimeleg bra Dei har blitt store på felt som ingen andre ville ha.

Det er livsforlenging på mange prosjekt Det berarbeidsplassar og aktivitet, det er kjekt. Det er ein gryande optimisme som ligg til grunn Det blir ny leiting og det kjem nye funn!

Det er Netptun, Lundin og Vår Energi Wintershell og andre er og på gli. Detr er nye aktørar rundt bordet Men vil dei klarar seg utan kompetansen til dei store?

Vil det vera liv laga med nye kostar i norsk oljeindustri? Vil dei satsa på forskning og utvikling av ny teknologi? Er trepartssamarbeidet noko dei vil forstå Ja det vil snart visa seg nå.

Natasha Sayer kjem frå sjølvaste NRK Ho er frå Canada men lett å forstå. Er barn og unge dei lettaste å lokka på planeten? Natasja vil fortelja oss litt om kompleksiteten.

NRK er kjempegod på tradisjonell produksjon Det er meir utfordrande med den oppvoksande generasjon. TV er ikkje moderne på plass Og lineær TV går rett i dass.

Å nå unge er ein prøvelse Og rett og slett blitt ein vitenskapeleg øvelse. 17 åringen ser framleis TV med mor og far Umgdomsprofilen er ikkje tilstrekkelig klar.

Det er ikkje lett å ta opp kampen mot YouTube som TV-kanal Som er overveldande og ultraglobal. Dei sette i gong med studier for å skjønna kva som skjer I staden får å gje opp og tenka at det går til helvete detta her.

YouTube kan vera vanskeleg å forstå Det er allslags algoritmar og spooky ting å passa på. Dei har sjåartal som er heilt out bof the reach Så laga NRK ein parodi på Ex on the beach.

Sukksesen handlar om å blanda gut og jenta Og kjem når det minst er å forventa. Det er alltid like vanskelig å forstå Men videoen vart suksess for både DPLAY og NRK.

Poenget er, skal du forstå dei små Må du vite kva dei likar og kva dei kikkar på. Det er den oppvoksande slekt, dei er framtidav vår Dei kan vera dine nye kolleger om 5 år.

Ein lang dag med energi og kommunikasjon Til ettertanke, nytte og inspirasjon Det har vore den beste kommunikasjonskonferransen i Norge -direkte frå DNV GL, Arne Torget.