Nytt om navn:

Foto: Maritime CleanTech
Foto: Maritime CleanTech

Geir Odland begynner i NCE Maritime CleanTech

NCE Maritime CleanTech har utvida staben og tilsett Geir Odland som senior forretningsutviklar.

Odland byrja jobben i klyngeadministrasjonen på Stord 14. oktober.

— Eg gler meg til å starta i ein organisasjon eg fekk kjennskap til då eg jobba i Westcon. Eg opplever NCE Maritime CleanTech både som framoverlent og som ein aktiv pådrivar i arbeidet mot nye energieffektive og miljøvenlege løysingar. Det er eit langsiktig arbeid som, interessant nok, mange gongar vil gå føre seg i samarbeid med aktørar som i dag jobbar mykje med olje og gass, seier Odland på Maritime CleanTech sine heimeside.

Elektroingeniøren har jobba mykje med automasjon, men han har også økonomiutdanning frå BI. Odland kjem frå stillinga som dagleg leiar i FRONTA Bygg. Han har også til saman 20 års røynsle frå ulike leiarverv i Aker, Kværner og Wärtsilä, samt Westcon Power & Automation der han sat som administrerande direktør i nær åtte år.

Framover kjem Geir Odland til å hjelpa NCE Maritime CleanTech og partnarane i klynga til å sjå nye mogelegheiter, samt å utvikla nye innovasjon- og utviklingsprosjekt.

— Eg håpar eg kan bidra med erfaringa ein sit att med etter å ha jobba på leverandørsida i verdikjeda i mange år. Eg trur fleire forhold i erfaringsbasen kan vera nyttige å ta med seg vidare. Samstundes er det veldig spennande å få vera ein del av ein organisasjon der ein får oppleva heile reisa frå ein god idè til ferdige løysingar ute i marknaden, seier han.

Hege Økland (Foto: Chul Christian Aamodt, enerWE)
Hege Økland (Foto: Chul Christian Aamodt, enerWE)

— Som senior forretningsutviklar vil Geir ha ei sentral rolle i arbeidet vårt med å få fram og kommersialisera nye grøne og energieffektive løysingar til havnæringane. Med sin solide industribakgrunn vil han vera ein svært viktig ressurs for klyngebedriftene våre, seier dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland.