«Velferdsmafiaen»

KRONIKK: 90 % av denne «mafiaen» er offentleg eigde kraftprodusentar som betaler skatt, skriver Småkraftforeninga’s styreleder.

KRONIKK av styreleder Lars Emil Berge i Småkraftforeninga

Frå mange ulike hald er det kome harde ord retta mot kraftprodusentane og staten sine utanlandskablar. Dei som kanskje har hatt den høgaste røysta mot kraftbransjen, har vore Leif Sande i Industri og Energi og tidlegare informasjonssjef i Statoil Hogne Hongset. Hongset har skrive ei bok om kraftsektoren som han kallar MAFIELA.

Kven er denne «Mafiaen»? Jo, 90 % av denne «mafiaen» er offentleg eigde kraftprodusentar. Dei betalar selskapsskatt, over 35% grunnrenteskatt, eigedomsskatt og naturressursskatt, i tillegg til å avgi konsesjonskraft og konsesjonsavgift. Som om ikkje det var nok, deler dei også mesteparten av overskotet sitt til deg og meg gjennom utbytte til kommunekassen, fylke og/eller stat.

I tillegg til dei offentleg eigde kraftverka, har det dei seinare åra komme små kraftverk der grunneigarar eig kraftverket sjølv, eller at dei leiger ut vassfallet med privat avtalt heimfall til garden.

Kva blir desse «mafiapengane» brukte til? Jo til minstepensjonistar, sjukeheimar, skular, kultur og andre velferdsordningar. «Velferdmafiaen» har eit samfunnsbidrag tilsvarande 50-60 milliardar (I følgje BKK) til kommunar, fylke og stat.

Kven representerer så Hongset og Sande? Jo mellom anna kraftkrevjande industri. Denne industrien har fritak på elsertifikat til ein verdi på 1,3 milliardar årleg (i følgje Civita.no), nesten fritak frå elavgift tilsvarande 5,3 milliardar kroner (i følgje enerWE), og dei får CO2-kvotekompensasjon på 670 millionar i 2017 (I følgje Regjeringa). Dei har og fastpris på straum på om lag 70 % av energiforbruket. Dei er dermed omtrent upåverka av svingingane i straumprismarknaden. Det er så vidt eg finn ut om lag 10 000 arbeidsplasser i denne industrien. Dette utgjer eit avgiftsfritak på i overkant 600 000 kr/ tilsett.

Kven er desse selskapa? Jo: Eit av dei er Elkem som er eigd 60% av kinesarar. Alcoa, Eramet, Celsa osv, ja dei høyrer til kraftkrevjande industri i Noreg, men som namnet seier er dei eigd av utanlandske selskap. Her går sjølvsagt mykje av overskotet ut av landet. Eg synest det er greit at selskap frå andre land eig i norsk industri på same måte som norske selskap eig i utanlandsk industri. Slik er no verda blitt.

Eg synest det er kjempeflott at vi har politikarar som verdset arbeidsplassane i kraftkrevjande industri og legg til rette for at me framleis skal ha denne industrien i landet vårt.

Det som undrar meg, er at det finst slike som Sande og Hongset og likesinna som til dei grader nyt godt av særordningar til industrien sin, rakkar ned på fornybarnæringa som bringer så mykje verdiar til velferdssamfunnet vårt.

Kronikken ble opprinnelig publisert i Haugesunds avis. Gjengitt med forfatterens tillatelse.

Les også: