Gratulerer til Firda Sjøfarming med nye båter!

Pressemelding på rim.

Risnes Marine Craft kjenner Fjordane våre
produserer oppdrettsfartøy på 30. året
Utvikla saman med kundar over tid
med lokal arbeidskraft og teknologi.

Firda Sjøfarmer har sitt sete på jord
ytst i den villvakre Sognefjord
Her har Ola Braanaas livsnerva si
og har teke i bruk Risnesbåt nummer ni.

Knoll og Tott har spreidd glede i 100 år
no er navnebrørne klare for fjorden vår.
Dei er ivrige, arbeidsvljuge og små
så arbeidsoppgåvene blir nok ratt ikkje få!

Risnes Marine Craft står for utvikling og produksjon
og har gitt sjøens vesle traktor ny von.
Stødige i sjøen og lette å manøvrera
Håkon Tombre har fått oss til å produsera.

«Kalven» er navnet båttypen har fått
resultatet er både brukarvenleg og flott.
Bygd for livet på oppdrett i fjord
med 11-tonns krane og vinsjar om bord.

Han gjer 15 knop med fjorden som vei
knapt 8 meter lang og vel 5 meter brei.
På Knoll og Tott blir Ola Braanaas los
han tar gjerne med seg ein sau som matros.

Ronald Hellenes prøver kvar einaste ein
til Ofoten, Shetland og Skjerjehamn som kaptein.
Ei slik stødig båt gjer deg smil i fjes
-målet er å få levere ein «Kalv» til kvart nes!

Tvillingbestilling tar vi gjerne i mot
kvar båt har navigasjon og autopilot.
Bård Arnesen syt for det design ein vil ha
og Arne på Glesvær for at det tekniske er bra.

Dette er ikkje noko berre Risnes har gjort
Her er erfaring og samspel av beste sort.
Mange Kalvar har alt funne si heimehamn
Knoll og Tott er tinga i Ola Braanaas sitt namn.

Når hausten er hard og veret er stygt
er det godt å ha reiskap som gjer arbeidet trygt!
Då Braanaas’en såg at sjølv villsauen skalv
-ja då ringde han Risnes og tinga ein Kalv!

I Rosendal har dei lange lange tradisjonar
dei har bygd skuter av alle slag så det monar.
Framleis kan dei handverket godt
og har ferdigstilt tvillingane Knoll og Tott.

Godt samarbeid har bore frukt
og vi er stolte av å levere eit reint vestlandsprodukt.
Det har vore jobba godt i alle ledd på alle måtar
-gratulerer til Firda Sjøfarming med nye båtar!