- Energieffektivisering sparer naturen, og gir mer strøm enn vindkraft

KRONIKK: Vindkraft raserer natur, skriver Mads Løkeland-Stai i Naturvernforbundet.

Publisert Sist oppdatert

Vindkraft raserer natur. Energieffektivisering sparer naturen, og gir mange gongar så mykje straum som same kapital lagt i vindkraft. Dessutan langt fleire arbeidsplassar. Valet burde vera enkelt!

Dei fortel ikkje at det nesten ikkje er varige arbeidsplassar i vindkraft

Mads Løkeland-Stai

Vindkraftselskapas organisasjon, Norwea og Maskinentreprenørenes forbund har begge skrive til Olje- og Energidepartementet og bede om rask saksbehandling for nye vindkraftverk, og bruker arbeidsplassar og korona-krisa som argument. Men dette er dårlege argument, for ikkje å seia falske. Dei fortel ikkje at det nesten ikkje er varige arbeidsplassar i vindkraft. Bortsett frå ei hektisk utbyggingstid, sit ein att med øydelagd natur og nesten ingen varige arbeidsplassar.

Dersom ein i staden satsar tungt på tiltak for energisparing, spesielt i bygg, blir det mange gongar så mange arbeidsplassar med dei same investeringane, og det blir langt meir frigjort energi. Og som ein stor bonus: ingen øydelagd natur.

Storheia vindkraftanlegg på Fosen kostar over 3 milliardar kroner, og skal produsere 1 TWh kraft. I tillegg kjem milliardinvesteringar i høgspentliner som vi andre må betale. Totalt blir det godt over 4 milliardar i totale investeringar for 1 TWh kraft frå Storheia.

Energisparing er langt rimelegare

I 2013 sa Enova dette om potensialet i energieffektivisering: «Det er beregnet at det må investeres rundt én milliard per innspart TWh» (Teknisk Ukeblad 27.04.13). Det vil seia at det kostar ca 1,2 milliardar for 1 TWh frigjort kraft med dagens prisnivå. Med andre ord 1/3 av kostnaden for investering i ny vindkraft.

Energisparing gir mange varige arbeidsplassar

Dersom vi satsar på energisparing i bygg, blir det mange arbeidsplassar, både i byggnæringa og i industrien som leverer byggmaterial. Tiltak som gir 1 TWh meir spart energi i bygg kvart år, gir minst 8.000 varige arbeidsplassar i følgje fleire utgreiingar, og meir kan det bli; forskarar på Sintef og NTNU seier at vi kan spare 40 TWh i bygg fram mot 2040.

Som ein ekstra bonus; mange prosjekt for energisparing er «gryteferdige» for igangsetting, og vil raskt kunne avhjelpe situasjonen under korona-krisa. Regjering og Storting må mangedoble Enovas budsjett for støtte til energisparing og gjera det enklare å få støtte. Kvite sertifikat som premierer energisparing, må koma i staden for dagens naturfiendtlege støtte til ny vindkraft.

Mads Løkeland-Stai
Sivilingeniør og vindkraftmotstandar
Leder Naturvernforbundet i Orklaregionen