NorthConnect og spelet for galleriet

KRONIKK: Skulle NorthConnect og bli bygd, i tillegg til kablane som er under byggjing, vil det bli ein eksportkapasitet på 70 % av norsk vasskraft.

Publisert

Onsdag 8.januar har NorthConnect-kompanjongane Asbjørn Hølvik og Tommy Løvstad eit innlegg i EnerWE med overskrifta «Spill for galleriet». Her hevdar dei at Senterpartiet og Raudt opptrer særs uryddig når dei «blander seg inn i departementets konsesjonsbehandling av NorthConnect».

Det er tydeleg at aktørane bak denne gigantiske kraftkabelen frå Sima i Hardanger til Peterhead i Skottland er i ferd med å få kalde føtter. På den eine sida ynskjer dei ro og ikkje-innblanding i saka si - samtidig som dei sjølve har sett i gang ei omfattande propagandakampanje for kva dei kallar «klimakabelen NorthConnect» i media over heile landet.

La meg difor minne om at etter NVE la fram si vurdering 10.desember utan tilråding, er det ein høyringsrunde fram til 10.mars, før slutthandsaming av søknaden.

I denne saka som har nasjonal interesse, bør ikkje tilhengjarane ha meiningsmonopol

Terje Kollbotn

Både Senterpartiet, Raudt og andre politiske parti, kommunestyre og fylkesting, fagrørsla, klima- og miljørørsla og andre som er opptekne av å forvalte rein, fornybar norsk vasskraft til klima- og miljøsatsing i Norge, har sin soleklare rett til å «blande seg inni» og uttale seg om NorthConnect. I denne saka som har nasjonal interesse, bør ikkje tilhengjarane ha meiningsmonopol.

Hølvik og Løvstad hevdar at kraftkabelen frå landets nest største kraftstasjon i Sima i Eidfjord til Skottland er eit viktig klimatiltak. 2 millionar tonn kutt i CO2 pr. år kan bli resultatet om rein norsk kraft erstattar kolkraft i utlandet.

Skulle NorthConnect og bli bygd, i tillegg til kablane som er under byggjing, vil det bli ein eksportkapasitet på 70 % av norsk vasskraft. Om all norsk vasskraftproduksjon skulle bli eksportert, ville dette i beste fall berre erstatta eitpar prosent av fossil energi i andre land.

Høgst truleg vil rein norsk vasskraft i staden redusere auka satsing på fornybar energi i andre deler av Europa

Terje Kollbotn

Høgst truleg vil rein norsk vasskraft i staden redusere auka satsing på fornybar energi i andre deler av Europa. Og resultatet vil uansett bli import av enno høgare kraftprisar i Norge og auka press på miljø- og naturfientleg vasskraft- og vindkraftutbyggjing for å kunne eksportere enno meir.

Hølvik og Løvstad innrømmar at både Statnett sin North Sea Link kabel og NorthConnect-kabelen er på EUsi liste over prioriterte infrastrukturliste (PCI) sidan 2013 og har fått finansiell støtte frå EU - NorthConnect førebels EU-støtte på ca. 100 millionar. Desse kablane er eit ledd i å tilpasse Norge til fri flyt av energi i den indre energimarknaden - regulert av ACER, EU sitt nye energibyrå.

La meg minne om at Sima og andre store kraftanlegg i Hardanger og i resten av landet vart bygde for å levere rimeleg, rein energi til det norske folk og norsk industri – ikkje til krafteksport dit energiprisane er høgast.

For å kunne vidareutvikle klima- og miljøvenleg norsk industri over heile landet og gradvis erstatte industriarbeidsplassar innan olje- og gass på fastlandet, trengs langsiktige, rimelege kontraktar basert på rein fornybar norsk vasskraft. Her kan vi ikkje få « pose og sekk», slik Hølvik og Løvstad hevdar i EnerWE 8.januar. Dette er NorthConnect sitt spel for galleriet.

Kronikkforfatter Terje Kollbotn er fylkestingrepresentant for Raudt Vestland.