- Jo, vi held fast ved at NorthConnect fører til auka utslepp av CO2

KRONIKK: Kabelaksjonen.no svarer NorthConnect, og avviser at de har misforstått noe som helst.

Klaus Vogstad i NorthConnect hevdar at vi har misforstått det meste når det gjeld NVEs rapport om klimagass og norsk krafteksport, og at vi heller ikkje har lese den. Jo, vi har lært å lese, og vi har heller aldri samanlikna eksport til Storbritannia (UK) og Tyskland, noko som Vogstad bruker mesteparten av innlegget sitt på.

Vi har samanlikna eksport til UK og Kontinentet, som i tillegg til Tyskland også omfattar andre kol-land som Polen og Estland. NVE nøyer seg sjølvsagt heller ikkje med Tyskland i rapporten sin om krafteksport, og viser i ein figur at ein vesentleg del av eksporten til Kontinentet vil erstatte kolkraft:

«Figur 1 viser resultatene for 10 TWh vindkraft i 2025. Vi får en lavere utslippsreduksjon lenger frem i tid. Dette skyldes at kullkraft utgjør en mindre andel av kraftproduksjonen etter hvert som flere land faser ut kullkraftverk.»

Med andre ord hevdar NVE at ein god del av eksporten til Kontinentet vil erstatte kolkraft i 2025, men at den effekten blir mindre etter 2025. Bruker vi NVEs vurdering, så vil eksport til Kontinentet gje større redusert utslepp enn eksport til UK. Her er det grunn til å nemne at all kolkraft i UK vil vera stengt ned i 2025, når NorthConnect er planlagd å koma i drift.

Jo, vi held fast ved påstanden, at NorthConnect fører til auka utslepp av CO2. NorthConnect vil flytte krafteksport frå Kontinentet til UK. Det vil seia å flytte krafteksporten frå eit område der den i følgje NVE i stor grad erstattar kolkraft, til eit land utan kolkraft.

På toppen av dette har vi EUs kvotesystem, som i praksis øydelegg alle slike utrekningar, fordi redusert utslepp ein stad i stor grad vil føre til auka utslepp andre stadar. Dette kallar økonomane for vannseng-prinsippet, ein ganske sjølvforklarande måte å sjå det på. Redusert utslepp er i første rekke avhengig av EUs plan for årleg sletting av kvotar.

Ein kan stille spørsmål om kor fornuftig det er å bruke 18 milliardar på ein kabel som ikkje gir klimagevinst, driv prisen opp i Noreg og krev store ressursar. Kan det vera betre alternativ å forsterke leidningsnettet mellom Skottland og England, slik National Grid er i gang med, og gå vidare med planane for kraftig auka skotsk pumpekraft?

Jan Haugen og Mads Løkeland-Stai
Kabelaksjonen.no

Her kan du lese alle kronikkene om NorthConnect på en egen oversiktsside.