Ingvar Aga
HR, Industri Redaksjonen Foto: Privat

– Det er faktisk Norsk Olje og Gass som provoserer

Kommentar av Ingvar Aga.

Eg er riggarbeidar, er organisert på Flyteriggavtalen og har vore medlem av både SAFE og IE.

Eg er som mange andre ramma av streiken og vert permittert så snart eg har avspasert opparbeida fritid, noko som vil ramma meg økonomisk. Det er lett å bli forbanna når ein er uskuldig tredjepart og mister mykje av ei inntekt ein er avhengig av.

Det er og vanskeleg å sympatisera med nokon som streiker når så mange har mista jobben, men kva hvis me set ting i eit litt anna perspektiv?

Dei dårlege tidene kan komma til å vara lenger enn me håpar og om under to år er det hovudoppgjer på Flyteriggavtalen igjen. Kva vil me gjere hvis våre rotasjonsordningar vert utfordra? Vil me akseptere eit framlegg frå Norsk Rederiforbund om å sette ned eit utvalg som skal sjå på fleksibilitet, skift og arbeidstidsordningar på vår avtale?

Vil me akseptere at ei fagforeining som organiserer få medlem skriv under ein dårlig avtale som deretter Norsk Rederiforbund tvinger på oss mange?

Vil me få sympati hvis me i framtida skal stå på krava og kjempe for rettigheitene me har forhandla om og kjempa for i mange år når me ikkje er solidariske med dei som kjemper den kampen idag?

Les også: Driver IE russisk rulett med uskyldige mennesker?  

Det er allerede falle mange harde ord mellom Industri Energi og SAFE, faktisk treng knapt IEs eigentlege motpart Norsk Olje og Gass gjere noko som helst. Dei kan sitte stille og sjå på to fagforeiningar som eigentleg representerer dei same interessene gjere sitt beste for å sverte kvarandre. Det er trist at både organisasjonane og medlemmer no bruker dei argumenta som arbeidsgjevarsida vanlegvis ville brukt mot streiken.

Sjølv om me er ein uskuldig tredjepart og føler at me vert urettferdig ramma må me prøve å støtte kollegaer som kjemper for sine opparbeidde rettigheiter.

Det er faktisk Norsk Olje og Gass som provoserer med krav om meir fleksibilitet frå dei mest fleksible offshorearbeidarane, ikkje IE som har fremma urimelege krav!

Klikk her for å diskutere saken i Facebook-gruppen for oljebransjen.

Stikkord: