Energilikninga som ikkje går opp

KRONIKK: Skal vi la grannelanda våre ta oss av resten av utbygginga, og la dei stå for industrireisinga som kjem?

Publisert Sist oppdatert

På eit energiseminar nyleg trekte energianalyseselskapet Wattsight opp nokre framtidsutsikter for straumbehovet i Norden framover. Wattsight sa at elektrifiseringa me no er inne i fører til at veksten i energibehovet i Norden vil vera på minst 75 TWh innan 10 år. Denne veksten kjem innan datasenter, hydrogenproduksjon, batteriproduksjon, elektrifisering av sokkelen, transportsektoren og varmepumper. Statnett meiner at me kan trenga opp mot 80 TWh innan 2050 berre i Noreg.

Småkraft kan bidra med 2,5 TWh om dei som har fått konsesjon byggjer ut

Om me høyrer på NVE seier dei at potensialet i opprusting av eksisterande vasskraftverk ligg på om lag 6 TWh. Småkraft kan bidra med 2,5 TWh om dei som har fått konsesjon byggjer ut. Det er også eit lite potensial i mikrokraft der det er om lag 3000 bekkar som potensielt kan nyttast.

Skal vi la grannelanda våre ta oss av resten av utbygginga, og la dei stå for industrireisinga som kjem?

Som de ser kan Noreg bidra med under 10 TWh vasskraft inn i dette reknestykket, men det manglar framleis 65 TWh til forbruksveksten om likninga skal gå opp. Skal vi la grannelanda våre ta oss av resten av utbygginga, og la dei stå for industrireisinga som kjem, eller skal me byggja ut meir fornybar og ta del i denne spennande industrireisinga? Om fornybarutbygginga ikkje held same tempo som etterspurnaden, veit vi vel alle korleis det vil gå med energiprisane.

At kapitalen flyttar seg meir og meir over mot fornybar energi er openlyst. Finansavisen hadde ein artikkel om oppkjøpsfondet Hitecvision, som stort sett har investert i olje og gass, men no har toppsjefen Ole Ertvaag fått beskjed om å investera 30 milliardar i fornybar energi på 24 mnd. Aker har etablert eit fornybarselskap som heiter Aker Horizons. Det norske børsnoterte selskapet Cloudberry investerer i småkraft og vind. Dette er berre nokre av veldig mange selskap som no satsar enormt med kapital i fornybar energi. Trur de at kapitalflyttinga frå fossil energi og til fornybar berre dreier seg om idealisme, eller er det kanskje slik at ein ser at det er her veksten kjem?

Fornybar energi blir billegare enn fossil energi som kol. I følge ein rapport frå IRENA så var det slik at 56% av all fornybar kraft installert i 2019 genererte billegare straumprisar enn dei billigaste nye kolkraftverka.

Skal til dømes dei fråflytta svenske skogane i Nord-Sverige stå for resten av fornybarutbygginga i form av vindkraft, og følgjeleg generera industri omkring denne utbygginga?

Som skrive har me høve til å byggja ut i underkant av 10 TWh med rimeleg konfliktfri utbygging, men kor skal resten hentast frå? Skal til dømes dei fråflytta svenske skogane i Nord-Sverige stå for resten av fornybarutbygginga i form av vindkraft, og følgjeleg generera industri omkring denne utbygginga?

Nokre røyster snakkar om atomkraft. Olkiluoto 3-reaktoren i Sørvest-Finland skulle ta 5 år å byggja og stå ferdig 2010. Den er enno ikkje ferdig. Til jul legg Sverige ned ein kjernereaktor. Tyskland skal avvikla sine kjernekraftverk. Eg trur ikkje kjernekraft er framtida.

Det har vore enorm motstand mot landbasert vind i Noreg, og gitte konsesjonar er satt på vent. Potensialet til havs er stort, men teknologien er ikkje ferdigutvikla og følgeleg svært dyr. Kor lang tid tek det før denne teknologien er klar, og kva blir prislappen?

Programkomiteen til Høgre kom nyleg med eit forslag om å opna verna vassdrag for ei skånsam utbygging. Dette er eit vanskeleg tema med skarpe frontar i debatten. Mange ropar på meir vasskraft frå eksisterande anlegg, men skjønar dei at monaleg meir storkraft tyder utvidingar og naturinngrep? Ein ny samla vurdering av både verna, og utbygde vassdrag kunne kanskje gje oss meir vasskraft på den mest skånsame måten? Då kunne ein og ta omsyn til flaumsikring, for er det noko me veit er det at det vert meir ekstremvær i åra som kjem.

I dag kan ein få lov til å byggja ut småkraftverk på inntil 1 MW som er knytt til verna vassdrag. Dette fungerer, men er sjølve grensa fornuftig? Eller bør ho justerast i høve til storleiken på vassdraget og kva omsynet til naturverdiane krev?

Det er vidare eit stort potensial for nye småkraftkonsesjonar i vassdrag som ikkje er verna. Her ligg mykje til rette allereie, men me ser at terskelen for å få konsesjon er høgare enn tidlegare. Her har kanskje både bransjen og myndigheitene ein jobb å gjera for å sjå på konsesjonsregimet for småkraft.

Oljeinntektene har gjort at me har hatt eit fantastisk velferdsnivå. Det er ikkje noko næring som åleine kan erstatta verdiane som olja har gitt oss, men no når me ser at denne næringa har nådd toppen er det viktig at me rustar oss med næringar som kan gi oss velferd også i framtida. Det er eit kinesisk ordtak som er slik:

«Når forandringens vind blåser bygger noen vindmøller, mens andre går i skjul.» La oss ikkje gå i skjul!

Lars Emil Berge
Styreleiar i Småkraftforeneinga