Liv Kari Eskeland sit i Energi- og miljøkomiteen på Stortinget. Møt henne i vekas Energiprat. Foto: Stortinget/enerWE
Liv Kari Eskeland sit i Energi- og miljøkomiteen på Stortinget. Møt henne i vekas Energiprat. Foto: Stortinget/enerWE

- Sluttar Noreg å produsere olje og gass, opnar det berre for at andre produserar meir

Høgre-representanten i Energi- og miljøkomiteen meiner også at Noreg treng all fornybar energi vi kan få.

Publisert   Sist oppdatert

«Energipraten» er ein ny artikkelserie der redaksjonen i enerWE utfordrar bransjefolk på både aktuelle og tidløse problemstillinger.

Navn: Liv Kari Eskeland

Alder: 54 år

Stilling: Stortingsrepresentant, Høgre, Hordaland, Energi og miljøkomiteen

- Nyleg var høyringa i Energi- og miljøkomiteen over - var det noko som overraska deg i dei 86 innleggane?
- De store overraskingane var det ikkje. Så vil det vera interessekonflikter også mellom dei som gjev innspel, det er heilt naturleg. Fleire ting gjekk att, det gjer det sjølvsagt enklare å vite kva vi skal leggje vekt på. Men overordna tilbakemeldingar gjekk på at dette er eit ansvarleg, stramt, men godt budsjett med gode prioriteringar for klima/miljø.

Vi ein stor jobb å gjera - både med å leggje til rette for meir fornybar kraft, og å få dreia forbruket over til elektrisk kraft.

Liv Kari Eskeland

- Får energibransjen den merksemda den fortenar?
- Energibransjen har mange gode organisasjoner som er flinke til å informere oss med jamlege møter på Stortinget, ikkje berre i budsjettprosessen. Energi får i desse dagar stor merksemd; både vindkraft, vannkraft, sol, men også olje og gass er stadig aktuelle tema som er oppe til debatt – nettopp fordi det heng så tett saman med klima og miljødebatten som no har stort fokus.

- Korleis tror du verda får dekka energibehova sine i framtida?
- Dette er eit av dei store spørsmåla vi jobber med, og dei store analysebyråa er ganske samstemte om energimiksen på verdsbasis i åra som kjem. Samstundes jobber vi her i Noreg med å få opp andelen fornybar energi, og vidare jobber vi med energieffektivisering og teknologiutvikling som gjer at vi får fleire - kanskje spesielt innan transport – over på fornybar energi.

Vi treng all fornybar energi vi kan få i åra som kjem, og vindkraft vil vera ein del av denne energimiksen.

Liv Kari Eskeland

- Kva tenkar du om elektrifiseringa av Noreg?
- Dette er svært inspirerande å jobbe med, og vi ser stadig fleire tek til orde for meir elektrifisering. I dag er nær all elektrisk kraft vi nyttar fornybar kraft, men berre 50 prosent av energien vi nyttar fornybar. Difor har vi ein stor jobb å gjera - både med å leggje til rette for meir fornybar kraft, og å få dreia forbruket over til elektrisk kraft. Her nyttar vi subsidie- og avgiftssystemet, og mykje tyder på at vi gjer mange rette grep for å få til det grøne skiftet som vi jobbar med

- Kor oppteken er du av å spare strøm?
- Energieffektivisering er ein del av dette biletet, og vår målsetnad om å effektivisere 10TWh i byggsektoren innan 2030 ligg fast. Det skal vi gjere gjennom digitalisering, utbetring av byggningar (enøk-tiltak) og innfasing av meir energieffektivt utstyr.

Befolkninga ønskjer å bidra til ei meir berekraftig verden, berre vi som politikarar legg til rette for at ein kan ta dei rette val.

Liv Kari Eskeland

- Kor står du når det gjelder vindkraft?
- Vi treng all fornybar energi vi kan få i åra som kjem, og vindkraft vil vera ein del av denne energimiksen. Dette bør vera basert på lokale demokratiske prosessar, der vertskommunar og innbyggjarar ser at dei kan tene på dei naturinngrepa som blir gjort. Flytande havvind kan kome på sikt, men dag er dette minst tre gongar så dyrt som å sette vindmøller på land. Skal vi nå målet om å elektrifisere Noreg, må alle som kan bidra til å få fram meir fornybar energi

- Skal du ha solpanel på taket ditt?
- Det har eg allereie vurdert, og antar at eg har dette på plass innan to til tre år

- Kva gjer du for å bidra til at Norge skal nå klimamåla?
- Politisk jobber vi med dette kvar einaste dag, og ser at vi saman med næringslivet utviklar stadig nye løysingar for å nå klimamåla våre. Utfordringa er at vi må ha med oss alle innbyggjarar. Likevel opplever vi at det etter kvart er eit stemningsskifte, og at befolkninga ønskjer å bidra til ei meir berekraftig verden, berre vi som politikarar legg til rette for at ein kan ta dei rette val. Det er vår viktigaste oppgåve

Verda treng olje og gass i lang tid enno, og sluttar Noreg å produsere dette, opnar det berre for at andre produserar meir.

Liv Kari Eskeland

- Kva tror du oljeprisen vil ligga på i 2020, 2030 og 2050?
- Slike spådomar er det heldigvis andre som er betre til å gje enn meg

- Bør vi leite etter meir olje og gass?
- Ja, verda treng olje og gass i lang tid enno, og sluttar Noreg å produsere dette, opnar det berre for at andre produserar meir.

Vi kan ikkje drive klimapolitikk ved å gje folk skam.

Liv Kari Eskeland

- Har du flyskam?
- Nei, bur ein i distrikta er fly eit nødvendig framkomstmiddel. Då meiner eg det er viktigare å jobbe for innfasing av biodrivstoff til fly, og på sikt elektrifisere innenriks flyflåte. Widerøe har varsla at dei første elektriske flya kjem i 2030, og eg har sjølv fått testa eit lite to-setars fly. Det er slik vi må jobbe, vi kan ikkje drive klimapolitikk ved å gje folk skam.

- Kva vil du anbefale andre å lesa, se på eller høyre på for å lære mer om klima og energi?
- Følg med på nyheiter – kvar dag er det spanande saker å lese. Så er det litt avhengig av kva ein interesserar seg for – er du oppteken av teknologi og teknologiutvikling som eg er, er det lett å bli optimist om ein les alle dei spanande innovasjonane som blir gjort på området. Her er det mykje å ta tak i.

Her kan du lese forrige vekes Energiprat med Andreas Aasheim i Norwea.