Anders Totland har nylig skrevet bok om vindkraft i Norge.
Anders Totland har nylig skrevet bok om vindkraft i Norge.

- Sjølv etter å jobba med dette feltet i godt over eit år, meiner eg forsvinnande lite om vindkraft

Møt forfatteren av vindkraftboka "Då vinden snudde" i Energipraten.

Publisert

Navn: Anders Totland

Alder: 34 år

Stilling: Forfatter og journalist

- Du har jo skrevet bok om vindkraft - hva fikk deg til å ville kaste deg inn i den betente debatten?
- Utgangspunktet mitt var den store lokale mobiliseringa mot vindkraft her eg bur, i Kvinnherad kommune på Vestlandet. Dette er ein stor kraftkommune, og nesten 90 prosent av vassdraga våre er for lengst bygd ut. Det spesielle i denne samanhengen, var at ingen hadde planar om vindkraft her då motstanden vakna. Det heile var ein reaksjon på Noregs vassdrags- og energidirektorat sitt arbeid med den nasjonale ramma for vindkraft i Noreg. Etter kvart som eg snakka med fleire av demonstrantane, og begynte å lesa meg opp på konfliktene rundt om i landet, forstod eg at det låg noko meir under her. Noko brennbart, som enno ikkje hadde tatt skikkeleg fyr då eg begynte på dette prosjektet hausten 2019. Og eg tør påstå at 2020 har vist at eg hadde rett i akkurat dette. Det folkelege engasjementet, og den politiske innverknaden denne motstanden har fått, har nærmast eksplodert. På mange måtar har boka berre blitt meir og meir aktuell.

- Hvordan har koronakrisen påvirket deg og din arbeidsplass?
- Som turnerande forfattar, med stor aktivitet på skular, bibliotek og festivalar, førte nedstenginga i mars til full stopp for alle oppdrag det neste halve året. Og det er ikkje slik mange trur, at mykje tid heime fører til ekstra skrivetid. Heime hadde eg nemleg ei lærarkone som brukte all tida si på å følgja opp elevane digitalt, medan våre eigne tre ungar skulle følgjast opp på eit vis. Resultatet var at eg blei fulltidsfar heile denne perioden, og at fleire planlagde utgjevingar blei utsett til 2021. Men eg klager ikkje. Det var ei veldig fin tid, med ein heilt anna kvilepuls enn eg har hatt på mange år. Det kosta berre litt, reint økonomisk. Og så sakna eg forlagsfestane.

- Får energibransjen den oppmerksomheten den fortjener?
- Det veit eg ikkje.

Om det er nye energikjelder eller ny teknologi, veit eg ikkje, men eg trur berre ikkje på at me har komme til vegs ende i historia.

- Hvordan tror du verden får dekket sine energibehov i fremtiden?
- Verda i seg sjølv har vel ikkje så stort energibehov, men for å vera litt optimistisk på menneskeheita sine vegner, trur eg eigentleg at dette er eit spørsmål som det så langt ikkje finst noko godt svar på - rett og slett fordi ein på sikt vil kunna finna løysingar som er heilt utenkelege i dag. Om det er nye energikjelder eller ny teknologi, veit eg ikkje, men eg trur berre ikkje på at me har komme til vegs ende i historia. Det er framleis mykje me ikkje har oppdaga, og nye smartingar blir stadig vekk fødd. Om dei framtidige løysingane vil føra til at me kan vidareføra dagens energiforbruk tvilar eg på, men eg er ganske trygg på at det i framtida vil komma eitt eller anna, eller aller helst litt forskjellig, som vil bidra til å løysa dei utfordringane me stirrar inn i no.

Eg tenker at det er heilt nødvendig å få til ein god overgang til eit fornybarsamfunn som kloden kan tåla, og at me som har tent oss rike på olje står i ei særstilling når det kjem til ansvar for dette.

- Hva tenker du om elektrifiseringen av Norge?
- Eg tenker at det er heilt nødvendig å få til ein god overgang til eit fornybarsamfunn som kloden kan tåla, og at me som har tent oss rike på olje står i ei særstilling når det kjem til ansvar for dette. Og eg trur ikkje det treng å vera så smertefullt som ein ofte får inntrykk av i debatten. Til dømes har me verftsindustri som tidlegare har klart overgangen frå skip til plattform, og gong etter gong har vist ei formidabel evne til omstilling. Eg kjenner meg ganske trygg på at desse viktige arbeidsplassane langs kysten kan oppretthaldast om ein tar lure val framover.

- Hvor opptatt er du av å spare strøm?
- Meir og meir. Som far til tre ungar handlar det om oppdraging, og då er småting som å lukka dørene og slå av lysa i kvart einaste rom viktig i kvardagen, så me ikkje fyrer for kråkene. Me bur i eit gammalt hus, og sjølv om det først og fremst handlar om komfort, er det vel eit godt tiltak at me har brukt ein god slump pengar på å isolera veggene og få opp ei god varmepumpe.

Sjølv etter å jobba med dette feltet i godt over eit år, og skrive nesten 300 boksider om temaet, meiner eg forsvinnande lite om vindkraft.

- Hvor står du når det gjelder vindkraft?
- Sjølv etter å jobba med dette feltet i godt over eit år, og skrive nesten 300 boksider om temaet, meiner eg forsvinnande lite om vindkraft. Eg ser at det er mange problematiske sider ved konsesjonane som er gjevne dei siste tiåra, og at det har vore heilt nødvendig med ein skikkeleg gjennomgang av regelverket. Men også vindkraftteknologien er under utvikling, og med ei god forvaltning klarer eg ikkje å sjå at ein skal kunna utelukka denne energiforma framover.

- Skal du ha solpanel på taket ditt?
- Det kan eg godt tenka meg, men aller helst skulle eg då sett at heile bygda, eller aller helst heile kommunen, gjekk saman om å få på plass solceller på dei husa som har forutsetningar for det. Her me bur er det mykje skyer og regn, men det er gode solforhold så lenge himmelen er klar, så eg er ganske sikker på at potensialet for solenergi er til stades.

- Hva gjør du for å bidra til at Norge skal nå klimamålene?
- Fint lite.

- Hva tror du oljeprisen vil ligge på i 2020, 2030 og 2050?
- Det anar eg verkeleg ikkje.

Eg må innrømma at eg har vanskeleg å sjå føre meg korleis me skal klara å fasa ut bruken av fossile energikjelder om me fortset å leita etter meir.

- Bør vi lete etter mer olje og gass?
- Eg kan ganske lite om dette, men eg må innrømma at eg har vanskeleg å sjå føre meg korleis me skal klara å fasa ut bruken av fossile energikjelder om me fortset å leita etter meir.

- Har du flyskam?
- Nei. Og ikkje nødvendigvis fordi eg synes det er greitt å fly så mykje som eg gjer. Eg berre skjemst ikkje. Dei aller fleste flyreisene mine er uansett jobbrelaterte, og dersom me hadde organisert samfunnet slik at det var lettare å komma seg rundt på andre måtar, hadde eg gjerne valt vekk ein god del av flyreisene. No er dette sjølvsagt rein ansvarsfråskriving frå ein som flyr langt over gjennomsnittet for nordmenn, men slik eg jobbar, og med dei moglegheitene me faktisk har for effektiv transport, prioriterer eg i realiteten tid med familien framfor klimaet når eg skundar meg heim med første fly. Det kan eg ikkje skjemst over.

- Hva vil du anbefale andre å lese, se på eller høre på for å lære mer om klima og energi?
- Sidan eg først og fremst er forfattar, og ikkje jobbar med energi til kvardags, vil eg gjerne anbefala litt skjønnlitteratur. Det gjev ikkje direkte kunnskap om klima og energi, men eg trur at Maja Lunde sin klimakvartett, som starta med "Bienes historie", klarer å få veldig mange menneske litt meir interesserte i kva som skjer med verda. Det kan fort vera verd meir enn hundre gode rapportar som det uansett berre er fagfolk som les. Dessutan synes eg det er gode bøker, og gode bøker skal du ikkje kimsa av.

Her kan du lese andre artikler i Energipraten.