Jannicke Hilland (Foto: Chul Christian Aamodt, enerWE)
Jannicke Hilland (Foto: Chul Christian Aamodt, enerWE)

BKK trekkjer anken i SFE-saka

Jannicke Hilland: — Vi har bestemt oss for å halda fram som langsiktig eigar i SFE og ynskjer å skapa ro rundt selskapet.

BKK trekkjer anken til Høgsterett i SFE-saka. Lagmannsretten sin dom blir dermed ståande.

— Vi har bestemt oss for å halda fram som langsiktig eigar i SFE og ynskjer å skapa ro rundt selskapet. Vårt fokus er å bidra til ei god utvikling for SFE saman med dei andre eigarane, seier Jannicke Hilland, konsernsjef i BKK i en pressemelding.

Fylkeskommunen gjekk til sak

I samband med at Sogn og Fjordane fylkeskommune og Hordaland fylkeskommune går saman til det nye fylket Vestland 1. januar 2020, ynskjer Sogn og Fjordane fylkeskommune at eigarskapet til aksjane i SFE skal bli verande innanfor dagens fylkesgrense. SFE er i dag eigd av Sogn og Fjordane fylkeskommune via dotterselskapet Sogn og Fjordane Holding (49,5 %), BKK (36,8 %) og kommunane Flora, Gloppen, Bremanger, Askvoll, Selje, Eid og Naustdal (til saman 13,7 %).

Fylkeskommunen gjekk til sak mot BKK og bad retten fastsetja at dei kan overføra majoriteten av aksjane sine i Sogn og Fjordane Holding til kommunar i Sogn og Fjordane, utan at BKK kan hevda forkjøpsrett til aksjane. Saka gjekk for tingretten i september 2018 og for lagmannsretten i februar 2019. BKK anka til Høgsterett.

SFE-eigarskap med vestlandsperspektiv

Ifølgje lagmannsretten vil forkjøpsrett kunna gjelda ved sal av aksjar i Sogn og Fjordane Holding.

— Dette gir ei klar avgrensing for kva fylkeskommunen kan gjera vidare med overføring av eigarskap og styring i SFE, seier Hilland.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har vedtatt at dei ynskjer å dela ut 80 prosent av aksjane sine i Sogn og Fjordane Holding til kommunar i Sogn og Fjordane. I samsvar med premissane i lagmannsretten sin dom har fylkestinget samtidig vedtatt at Sogn og Fjordane fylkeskommune (seinare Vestland fylke) skal behalda kontrollen over selskapet.

- Slik vi ser det, vil den vedtatte modellen gi eit eigarskap som sikrar vestlandsperspektivet i større grad enn det har vore lagt opp til tidlegare, seier Hilland.

Ei gjennomføring av fylkestinget sitt vedtak var avhengig av ei avklaring i ankesaka.

- For oss er det viktig at SFE og dei kommunale eigarane no skal få ei avklaring i denne saka, seier Hilland.