Norsk vasskraft og straumnett får problemer uten ACER

KRONIKK: Sveits sliter med straumnettet og vasskrafta fordi dei ikkje deltek i ACER, skriver Lars Emil Berge.

Publisert

ACER er nesten blitt eit skjelsord i enkelte kretsar, men kva gjer dei og korleis påverkar dei energisystemet vårt?

Vi er uansett prisgjeven EU-reguleringa av kraftmarknaden framover, sidan alle våre naboland som vi utvekslar kraft med er EU-medlemmer, og som vil måtte følgje dette regelverket. Det vil vera lite hensiktsmessig for Statnett å ha ein annan type nettregulering ved grensa, enn det Svenska Kraftnät har.

Når vi samlast for å spela brettspel likar vi best at vi spelar etter dei same reglane!

Vi kan jo dra ein parallell til Sveits: Dei hadde tidlegare same reglar som landa rundt seg, men har ikkje tatt inn den 3. energimarknadspakka og deltek ikkje i ACER. Ifølgje Swissgrid, som driftar sentralnettet og sambanda til utlandet er situasjonen veldig kritisk, både for forsyningstryggleiken deira, og fordi dei ikkje får ta del i dei kortsiktige balansemarknadene (som er der vasskrafta kan spela ei rolle).

Resultatet for Sveits er i følgje Swissgrid at:

  1. dei styrer mot ein blackout innan 2026 viss dei ikkje får på plass eit felles regelverk (altså tek del på linja med Noreg og resten av EØS-landa)
  2. at vasskrafta deira, som er offentleg eigd som i Noreg, tapar pengar kvar einaste dag. Det er ei stor utfordring for lønsemda i sveitsisk vasskraft, og norsk vasskraft vil kunna koma i same situasjon om vi ikkje tek del i denne marknaden med felles reglar. Dette er ikkje noko EU seier, men dette er noko som sveitserane sjølv seier.

Når det gjeld kva for ressursar som blir bygd ut (vasskraft, vindkraft eller solkraft) så er det utelukkande opp til den norske konsesjonsmakta (i siste instans OED) kva som blir bygd ut. ACER har ikkje noko makt til å påleggja land å velja vind eller vatn eller noko anna. Dette heng også saman med at RME («skal bidra til å fremme en samfunnsøkonomisk effektiv produksjon, overføring, omsetning og bruk av energi» ) i Noreg ikkje har denne kompetansen. Den er det OED som har. At det er ein marknad for vindkraft i Noreg handlar om at norske politikarar (både under Solberg- og Stoltenberg-regjeringa har det blitt gitt vindkraftkonsesjonar) har ønska vindkraft og lagt til rette for det. Det er vedtak gjort på nasjonalt nivå.

Det er viktig at kraftnettet vårt blir styrka for å rusta seg mot elektrifiseringa som kjem. Det kan vera elektrifisering av ferje-sambanda våre, bygging av batterifabrikkar, hydrogenproduksjon eller andre energikrevjande verksemder. Dette er det Noreg sjølv som bestemmer heilt uavhengig av ACER.

Fordelen med at Noreg er med i ACER, er at Noreg har ein plass ved bordet, og at Noreg har vore viktig i oppbygginga av den nordiske marknaden og som har vore ein modell for korleis den europeiske marknaden utviklar seg no. Vi er uansett kopla så tett til våre nordiske naboar, at marknadsreglane må vi forhalda oss til uansett. Det er betre å ta dei i, og påverka utviklinga, enn å stilla seg utanfor.

Innlegget ble først publisert på Facebook. Gjengitt med forfatterens tillatelse.