Sjøfartsdirektoratet

Sjøfartsdirektoratet søker Rådgivar/seniorrådgivar – Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt

Er du en dyktig kommunikatør med godt humør? – Da er dette kanskje stillingen for deg!

Sjøfartsdirektoratet er ein viktig og sentral aktør som skal ivareta og leggje til rette for utvikling av maritim verksemd.
Vi tilbyr konkurransedyktige tenester og er anerkjende for vår kompetanse i den maritime klynga.
Vårt overordna mål er å være den føretrekte maritime administrasjonen.

Det er 325 tilsette i Sjøfartsdirektoratet.  Hovudkontoret ligg i Haugesund og har om lag 200 tilsette.  I tillegg har Sjøfartsdirektoratet sju regionar med tilhøyrande tilsynskontor langs norskekysten.  Skipsregistra i Bergen, med 20 tilsette, er òg ein del av Sjøfartsdirektoratet.

Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt har ansvar for å sjå til at staten sin kommunikasjonspolitikk og NFD si kommunikasjonsplattform blir lagt til grunn og følgt i direktoratet sitt kommunikasjonsarbeid. Avdelinga skal støtte alle avdelingar i arbeidet med direktoratet sine hovudprosessar, med fokus på kommunikasjonsfaglege spørsmål.

Arbeidsoppgåver

  • ha ansvar for dagleg oppfølging av direktoratet sine kanalar i sosiale medier i samarbeid med kommunikasjonsavdelinga og andre relevante avdelingar
  •  utarbeide og følge opp strategi for bruk av sosiale medier i samarbeid med avdelingsdirektør, marknadsføringssjef og andre i eiga avdeling
  • utforme tekstar til nettsider, i dialog med fagavdelingar og kollegaer i kommunikasjonsavdelinga
  • delta i direktoratet sitt klårspråkarbeid
  • bistå i arbeidet med mediekontakt
  • skrive pressemeldingar/stoff til nett og fagblad
  • bistå nettredaktør med nettutvikling og publisering på nett

Kvalifikasjonar

  • grad frå universitet eller høgskule
  • manglande formell utdanning kan, i særskilde tilfelle, kompenserast med lang, relevant praksis
  • erfaring/kompetanse innan rett bruk av sosiale medier og bruk av tekstar og video
  • erfaring med strategisk arbeid for bruk av sosiale medier
  • kompetanse innan mediekontakt – anten erfaring frå media eller erfaring i å handtere førespurnader frå media
  • erfaring i bruk av ulike publiseringsverkty (direktoratet brukar i dag Episerver)
  • erfaring med å ta bilete
  • erfaring frå arbeid med tekst på nett
  • kjennskap til multimediaproduksjon vil være ein fordel
  • det kan og være ein fordel med erfaring frå prosjektleiing

Utdanningsretning

  • Grafisk
  • Journalistikk / Kommunikasjon
  • Utdanningsnivå
  • Høgskule / Universitet

Personlege eigenskapar

  • evne til å skrive gode, klåre og informative tekstar og kunne forenkle fagspråk til klarspråk
  • kunne stå framfor ei forsamling og presentere eit tema
  • kunne sette deg inn i komplekse saker og formidle desse
  • kreativ, med god gjennomføringsevne
  • kunne jobbe strukturert og sjølvstendig
  • våge å komme med forslag/initiativ
  • tåle konstruktiv kritikk og diskusjon
  • om du i tillegg er sosial og har godt humør, vil du passe godt hos oss!

Vi tilbyr

  • stillingskode 1434 rådgivar i staten sitt stillingskodesystem. For særleg kvalifisert kandidat kan stillingskode 1364 seniorrådgivar nyttast.
  • lønn etter kvalifikasjonar i spennet mellom kr 466 500 – 558 500 (rådgivar) og kr 517 700 – 661 700 (seniorrådgivar)
  •  gode pensjons- og lånemoglegheiter i Statens pensjonskasse
  •  godt og utviklande fag- og arbeidsmiljø
  •  fleksibel arbeidstid og gode ordningar for avspasering
  • Sjøfartsdirektoratet er opptatt av mangfald og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke jobb hos oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsgrad, nasjonal- eller etnisk bakgrunn. Vi er ei IA-verksemd, som vil legge forholda til rette for søkarar med særskilde behov.