Olje-norsk
Offshore Redaksjonen

Produksjonstal desember 2013

Oppgang med 0,7 % sammenlikned med november.

Førebels produksjonstal i desember 2013 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på 1 916 000 fat olje, NGL og kondensat.

Det er ein oppgang på 12 000 fat per dag (ca. 0,7 prosent) samanlikna med november 2013.

Det totale gassalet var 10,2 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), dette er 0,8 GSm3 meir enn månaden før.

Væskeproduksjonen i desember fordeler seg slik: 1 543 000 fat olje, 305 000 fat NGL og 68 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag. Oljeproduksjonen ligg 2 prosent under OD sin prognose for desember og 4 prosent over produksjonen i desember i fjor.

Draugen, Heidrun, Norne, Skarv og Skuld hadde redusert produksjon i desember på grunn av tekniske problem/reparasjonsarbeid.

Oljeproduksjonen i 2013 var på nivå med OD sin prognose frå januar, og ein høg produksjon dei siste månadane er med på å underbygga prognosen for i år som viser at vi kan få ein oppgang i oljeproduksjonen for fyrste gong på mange år, seier Jan Bygdevoll som er direktør for prognoser i OD.

Den totale petroleumsproduksjonen i 2013 var om lag 215,2 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar (MSm3 o.e.). Av dette er om lag 84,9 MSm3 o.e olje, om lag 21,6 MSm3 o.e NGL og kondensat, og det er selt om lag 108,8 MSm3 o.e gass. Totalvolumet av olje var 4,3 MSm3 o.e. (ca. 5 prosent) lågare enn i 2012.

Endelege produksjonstal for november 2013 viser ein gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,542 millionar fat olje, 0,362 millionar fat NGL og kondensat og totalt 9,4 GSm3 gass for sal.

Kilde: npd.no