Konsekvensutredning
Miljø Gaute Eiterjord

– Formålet med en konsekvensutredning er å åpne for oljeutvinning

KRONIKK av Gaute Eiterjord, 1. nestleder i Natur og ungdom

Herland skuldar miljørørsla for «fake news», men unnlèt sjølv å skrive heile sanninga

  1. februar har Idar Martin Herland eit innlegg på trykk med tittelen «Hvorfor er det farlig å utrede om oljeleting representerer en fare for fiskeriene?»

Innlegget er for øvrig også er publisert på Herlands blogg, men då under tittelen «Opererer også miljøorganisasjonene med «alternativ sannhet» og «Fake news»?» Herland er i innlegget sitt bekymra over manglande fakta i debatten om oljeverksemd i Lofoten, Vesterålen og Senja. Han lurer ogspå kvifor «det stort sett er «miljøforkjemparar som fører ordet når det gjelder LoVeSe».

Som ein «miljøforkjempar» som føler seg litt truffe av innlegget til Herland ønsker eg gjerne å svare litt på vegner av oss som ikkje ønsker oljeverksemd i Lofoten, Vesterålen og Senja. Det er heilt greit å vere ueinig i meiningane våre. Men å påstå at me ikkje forheld oss til fakta, meiner eg vitnar om at ein ikkje har tatt seg tid til å høre etter kva me eigentleg seier og kva som faktisk er fakta.

I innlegget til Herland viser han blant anna til at miljøorganisasjonane ikkje ønsker ei konsekvensutgreiing av oljeverksemd etter petroleumslova. Av fleire politikarar og interesseorganisasjonar som Norsk Olje og Gass blir det hevda at ein bør gjennomføre ei konsekvensutgreiing av petroleumsverksemd for å skaffe kunnskap. Men det er ikkje det som er hovudføremålet med ei konsekvensutgreiing etter petroleumslova.

I petroleumslova §3.1 står det “Før åpning av nye områder med sikte på tildeling av utvinningstillatelser, skal det finne sted en avveining mellom de ulike interesser som gjør seg gjeldende på det aktuelle området.” At føremålet er opning, er også utdjupa i forskriftene til petroleumslova §6c «Konsekvensutredningen skal […] så langt som mulig, basere seg på foreliggende kunnskap og nødvendig oppdatering av denne.»

Ei konsekvensutgreiing etter petroleumslova er dermed ikkje innhenting av meir kunnskap om petroleumsverksemd, eller korleis dette vil påverke fisken som Herland nemner som eit konkret døme. Ei konsekvensutgreiing er ei avveging av ulike interesser. Føremålet er opning, og på sikt tildeling av løyve til leiting og utvinning av olje og gass. Ein skal i hovudsak basere seg på eksisterande kunnskap, konsekvensutgreiinga vil altså ikkje føre til at det vert henta inn ytterlegare kunnskap enn det som finst frå før av.

Det er ikkje slik at ein må utføre ei konsekvensutgreiing for å innhente meir kunnskap om olje og miljø. Norske styresmakter har også drive ei omfattande kunnskapsinnhenting dei siste 15 åra, mellom anna i den såkalla Kunnskapsinnhentingen frå 2012. I motsetnad til ei konsekvensutgreiing vil ikkje slike kunnskapsinnhentingar innebere at ein startar ein opningsprosess.

Sidan konsekvensutgreiingane blei innført i norsk oljeforvaltning på slutten av 80-talet har me dessutan fått eit nytt verktøy for å samle inn kunnskap, nemleg dei heilskaplege forvaltningsplanane for havområda våre. Skilnaden på desse prosessane er at forvaltningsplanen faktisk vil føre til meir og betre kunnskap. Forvaltningsplanen for Lofoten-Barentshavet skal reviderast i 2020, og gi oss meir kunnskap om naturen i dette området, samt oljeverksemd og andre næringar.

Herland skriv i innlegget sitt at «En konsekvensutredning ikke automatisk betyr en åpning for oljeleiting». Men det finst ikkje eit einaste døme på at ei konsekvensutgreiing ikkje har ført til at eit havområde heilt eller delvis har blitt opna for oljeverksemd. Oljeindustrien får alltid tilgang på meir areal.

Odd Roger Enoksen, som var olje- og energiminster i 2006, uttalte den gong følgande i Stortinget: «En konsekvensutredning i henhold til petroleumsloven er de skritt man tar for å åpne et område for petroleumsaktivitet. […] det [er] ingen eksempler på at man har foretatt en konsekvensutredning uten at områdene er blitt åpnet.»

At ei konsekvensutgreiing er eit steg mot å opne området, og ikkje noko anna, er bakgrunnen for at me i miljørørsla er mot det. Me har ikkje noko i mot kunnskap, men det er det ikkje ei konsekvensutgreiing som vil gi oss. Det Herland skriv lite om i innlegget sitt er dessutan at det i dag finst eit solid kunnskapsgrunnlag for å ta stilling til oljeverksemd. Norge har brukt 1 milliard kroner og 15 år på å samle inn kunnskap, og det er blitt skrive nærmare 100 rapportar. Sjølv olje- og energiminister Terje Søviknes sa nyleg i Stortingets spørjetime «Det er vel knapt noe område på norsk sokkel som er mer utredet enn området utenfor Lofoten, Vesterålen og Senja.»

Det som er gjennomgåande for den kunnskapsinnhentinga som har vore er at alle miljøfaglege etat – Miljødirektoratet, Havforskningsinstituttet, Norsk Polarinstitutt og Fiskeridirektoratet – åtvarar mot å opne nokon som helst del av Lofoten, Vesterålen og Senja for oljeverksemd.

Eg er heilt einig med Herland i at ein faktabasert debatt er viktig, men åtaket hans på miljøorganisasjonane for å ikkje basere seg på fakta blir feil når han sjølv unnlèt å skrive kva ei konsekvensutgreiing er og kva miljøfaglege råd som finst i denne saka. Då blir det ærleg talt for dumt å sjølv snakke om at andre driv med «fake news».

Til sist vil eg nemne ein ting Herstad burde lagt merke til, ettersom innlegget hans også publisert i avisa Havpuls 1/2017. Der kan ein nemleg lese denne saka, kor tidlegare tilsett i Oljedirektoratet Karsten Eig seier følgande om konsekvensutgreiing: «[Vi] vet egentlig det vi trenger å vite for å ta en beslutning om å åpne eller fortsatt holde området stengt. Resten er politikk»

Gaute Eiterjord er første nestleder i Natur og Ungdom

Les også: Hvorfor er det farlig å utrede om oljeleting representerer en fare for fiskeriene?

Annonse
Ads banner