Bilde fra tavle
Forskning og utvikling, HR Redaksjonen Foto: enerWE

Opprettar ny mastergrad

Erfaringsbasert mastergrad innan olje- og gass ved NTNU.

Norsk Industri har tatt initiativ til å opprette ei ny erfaringsbasert mastergrad innan olje- og gassteknologi ved NTNU, skriver organisasjonen i en pressemelding. Tilbodet skal rette seg mot ingeniørar med bachelorgrad som ynskjer å ta ei mastergrad ved sida av full jobb, eller ingeniørar med mastergrad som ynskjer å ta enkeltfag ved NTNU.

Studiet rettar seg både mot medlemsbedrifter i Norsk Industri, men og olje- og gassektoren i Norge generelt. Det kan seinare bli aktuelt å utvide tilbodet til andre sektorar.

Norsk Industri si oppgåve er i første omgang å sikre relevansen i mastergraden. Her er det sentrale medlemer som Aker Solutions, Kværner, Reinertsen og Statoil som skal vurdere kva fag som NTNU skal tilby. Dette arbeidet vere klart til vår Offshore Strategikonferanse i Stavanger 10.-11. februar seier fagsjef Kjetil Tvedt i Norsk Industri

Fleksibelt tilbod

Studiet vil bestå av ei rekke fag med 7,5 studiepoeng. NTNU har tidlegare hatt stor suksess med denne modulbaserte ordninga. Kvart av faga vil bestå av to samlingar på tre dagar, i tillegg til eksamen. Det er fakultetet for ingeniørvitenskap og teknologi som er fagleg ansvarlege for utdanninga.

Både NTNU og ei rekke andre utdanningsinstitusjonar tilbyr i dag erfaringsbaserte mastergradar i merkantile fag som økonomi og leiing.

Industrien i ei årrekkje etterspurt teknisk mastergrad, og det er bakgrunnen for at NTNU for første gang skal tilby dette. NTNU er sjølve flaggskipet for norsk teknologiutdanning, og vi ser fram til å kunne tilby kompetanseressursar i verdsklasse til våre medlemer seier bransjesjef for olje og gass i Norsk Industri, Runar Rugtvedt.